- Det er fint å sjå at produkta våre blir så godt mottatt.
Det seier Oliver Prøven i Fruktfatet. Han har i haust jobba for å visa fram den gode frukta frå Sogn og Fjordane i Oslo – butikkane i Jacobs-kjeda på Majorstuen, gourmetbutikkar med kvalitetsbevisste kundar.
- Her går mykje i kvalitet. Våre kundar er både vidfaren og lærd. Dei veit stort sett kva dei vil ha, fortel Kim Bjartheim, frukt- og grøntansvarleg på Jacobs Majorstuen.
Lettare tilgjengeleg - auka sal
Midt i september hadde butikken ein pall med plommer i butikk, dekorert med skjørt frå Fruktfatet. Dette for å auke bevisstheita til kundane.
- Vi trekker det fram i butikken, midt i den beste kundestraumen. Dette har gitt bra sal og for oss er det ikkje mykje jobb å sette frukt fram på pall. Då treng me heller ikkje etterfylle varer heile tida. Det er også enkelt med reinhald når det står slik, så for oss er dette veldig grei marknadsaktivitet.
Setter pris på lokalmat
Bjartheim fortel at salet gjekk veldig bra. Store, fine plommer er noko kundane vil ha.
- Det er viktig for våre kundar at det er norsk, og mange er opptekne av kvar i Noreg frukta kjem frå. Då er det fint at me kan fronta Sogn og Fjordane slik.
Tidlegare i sommar hadde Fruktfatet og Jacobs-kjeda same marknadsaktivitet på bringebær. Dette vart òg ettertrakta.
- Vi satsar vidare ut gjennom sesongen. Jacobs-butikkane gir oss flott eksponering mot ei kresen kundemasse og er eit flott utstillingsvindauge for produkt frå oss, utdjupar Oliver Prøven frå Fruktfatet.