Om Fruktfatet

Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane gjennom eit kraftfullt nettverk. Klyngja skal driva fram nye og spanande produkt, sikre verdiskaping frå dyrkar til industri og skape auka omsetning i alle ledd.

Har du nokon gong tenkt på at frukt og bær frå Noreg vert dyrka i utkanten av sin naturlege utbreiing, på bratte og ulendte gardsbruk, og med store krav til kompetanse? Fruktfatet skal bidra til å styrka primærproduksjonen, og bevisstgjera neste generasjon frukt- og bærdyrkarar.

Kva hadde vel Frankrike vore utan vinbønder og kva vil vel Sogn og Fjordane vere utan frukt og bær?

Ferskfruktmarkedet er store deler av året dominert av import, men det er det viktig at norsk frukt og bær er tilgjengeleg for forbrukarane i norsk sesong. Nye sortar og arter av frukt og bær, saman med moderne produksjonsmåtar og betre lagringsteknologi  skal byggje ei sterk merkevare som fører til at frukt og bær frå Sogn og Fjordane blir etterspurde i marknaden.

Konservesindustrien bidreg til at det blir utvikla nye produkt som er tilgjengeleg for forbrukarane heile året. I samspel med produsentane skal det utviklast nye produkt som er baserte på norske råvarer,  og Fruktfatet skal bidra til at alle ledd i verdikjeda vert meir innovative.