Våre medlemmar

Me har i dag 22 medlemmar i ulike kategoriar:


Agro tech AS

Agrotech er traktor- og maskinleverandøren i dette samarbeidet, og er lokalisert i Lærdal.

Balestrand fruktlager SA

Balestrand fruktlager ligg i Balestrand og er eit medlemseigd fruktlager. Det vart bygd i 1957 av det då nyskipa Balestrand fruktpakkelag. I 1998 starta Balestrand fruktlager eige presseri som i dag er kjend som Balholm.

Balholm AS

Balholm vart starta opp som ein del av Balestrand fruktlager i 1997, under namnet Balholm safteri. i 2002 vart safteriet omdanna til Balholm mosteri AS. i 2006 kom nye eigarar inn og verksemda heiter no Balholm AS. Balholm har etterkvart blitt ei velkjend merkjevare med stort nedslagsfelt over heile landet.

Fresvik kjølelager SA

Fresvik kjølelager er fruktpakkeri og mottaksanlegg for bær til konsum og næringsmiddelindustri. I dette mottaket er det lagt mykje vekt på økologisk fruktproduksjon, og frukta vert selt til andre grossistar enn Bama.

Gartnerhallen SA

Gartnarhallen er idag Noreg sin største produsentorganisasjon for frukt, bær, grønsaker og potet. Omlag 1300 dyrkarar eig Gartnarhallen som omset for omlag 1,5 milliardar årleg. Gartnarhallen samarbeidar med dei store aktørane innan industri, distribusjon og omsetning.

Graminor AS

Graminor er eit planteforedlingsselskap som skaffar nye gode plantesortar innan dei viktigaste jord- og hagebruksvekstane. Føremålet er å sikre produsentane tilgong på variert og sjukdomsfritt plantemateriale som høver for norske forhold.

Gloppen produsentlag SA

Gloppen produsentlag er i hovudsak mottaksanlegg for bær.

Hagebutikken Arctic tunnel

Hagebutikken ligg på Vangsnes og tilbyr det meste du treng til din eigen frukt- eller bærhage, anten du driv profesjonelt eller berre på hobbybasis.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein statleg høgskule lokalisert i Sogndal og Førde med omlag tre tusen studentar og tre hundre tilsette. Hisf er delt i dei fem avdelingane helsefag, ingeniør- og naturfag, lærar og idrett, samfunnsfag samt økonomi leiing og reiseliv.

Innvik fruktlager SA

Innvik fruktlager er det største mottaket for frukt og bær i Nordfjord. Her vert det pakka eple, og pære og plomme, i tillegg til ein stor produksjon av bringebær til konsum og næringsmiddelindustri.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken er eit regionalt utviklingsselskap med heile fylket som nedslagsfelt. Kunnskapsparken samarbeidar med næringsliv, høgskular/universitet, utviklingsmiljø og har som mål å bidra til kommersialisering av forretningsidear.

Lerum AS

Lerum er kanskje den mest kjende konservesbedrifta i heile landet, med lange tradisjonar heilt attende til Sørheim i Luster i 1907. I dag er det ei stor bedrift med 142 tilsette og er styrt av 4. generasjon Lerum. Lerum er i dag marknadsleiar på ekte saft av frukt og bær. I tillegg er 4/5 eigarar i Lerum kvinner.

Luster Grønt AS

Luster Grønt ligg i Høyheimsvik i Luster kommune og er eit tidlegare fruktmottak for Gartnerhallen. Luster Grønt tek imot jordbær og bringebær for bearbeiding og nedfrysing. I tillegg profilerar dei seg på konsummarknaden for delikatessebringebær.

Lærdal Grønt SA

Lærdal Grønt er ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal. Lærdal grønt har moderne anlegg for mottak, sortering og pakking av moreller, poteter og gulrøter. Dei har og GlobalGap-sertifikat for morellproduksjon.

Njøs næringsutvikling

Njøs næringsutvikling er lokalisert på Njøs i Leikanger kommune, på den gamle forsøksgarden/Statengarden. Her er ei næringsklyngje med fokus på frukt og bær, og NNU vart stifta som ei direkte følgje av at Bioforsk trakk seg ut av Njøs og slo denne eininga saman med Bioforsk Ullensvang. NNU er eit prosjektbasert selskap med seks tilsette.

Norsk landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane

Landbruksrådgjevinga, tidlegare forsøksringen, tilbyr rådgjevingstenester til dyrkarane og står for den kvalitetsmessige hevingen av råvarene

Sognabær AS

Sognabær er eigd av tre produsentar frå vangsnes, som og driv det. Etter mange år med levering til konserves såg dei at dei måtte tenkje nytt. Sognabær er den største leverandøren av ferske bringebær til den norske marknaden.

Sognefrukt SA

Sognefrukt er eit medlemseigd selskap som driv med pakking og omsetjing av frukt og bær. Den viktigaste aktiviteten er pakking av eple, pærer og plommer i tillegg til bær. Selskapet har tre fast tilsette og ekstrahjelp i haustesesongen.

Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk. Dei har både landbruk- og gartnarlinje og er landslinje for økologisk landbruk.

Vangsnes Grønt SA

Vangsnes fruktlager er eigd av frukt- og bærdyrkarane sjølve. Fruktlageret tek imot og pakkar varene. Det meste vert levert til BAMA og konserves.

Vestlandsforsking

Mangler info.

Økoringen Vest

Mangler info.