- Med så mange flinke folk rundt oss, verka det veldig spennande å dyrka plommer, fortel paret frå Innvik – som nyleg kjøpte seg nok ein gard.
Eyvind Reme (42) er plommeprodusent i Innvik i Stryn kommune. Han er fødd og oppvaksen på ein gard, med mjølkeproduksjon og fruktdyrking. Men plommer har aldri vore ein del av kvardagen, før han og kona Signe Opdal tok eit val.
- Vi er begge frå gard, så eg er vel bonde inst inne ein plass. Men ingen av oss hadde erfaring med plommer, fortel Reme.
Nordfjord-miljøet avgjerande
For 12 år sidan bestemde paret seg for å kjøpe sin eigen gard i Innvik og begynte etter kvart med plommedyrking. Plommer var eit nytt satsingsområde hos Innvik Fruktlager SA, med fleire dyktige folk som var meir enn villig til å spreie sin kunnskap.
- Vi hadde lyst å skapa noko eige, og dyrka fram rein mat. Plommedyrking er utruleg spennande og krevjande, då ein må vere strukturert og arbeidsam. Men det er vel det som gjer det så spennande, at ein har så mykje å strekke seg etter.
Reme kan ikkje få skrytt nok av miljøet for fruktdyrking i Nordfjord. Dei har mange gode fagsamlingar, marknadsdagar, studieturar til andre fruktprodusentar og eit godt samhald. Han lærer nye ting heile tida.
- Vi hadde aldri starta med plommedyrking om vi følte at vi hadde halde på åleine. At vi er fleire som driv på og kan lære av kvarandre, er avgjerande for oss.
Eit krevjande fag
Skal ein ha eit godt plommeår, må ein ha god bløming. Tid for bløminga kan variere, men skjer vanlegvis i midten av mai. Får du til dømes frost under bløminga, kan du få ein dårleg haust med berre nokon få plommer.
- Det er stor variasjon frå år til år, der temperaturen under blomstringa er alfa omega. Og resultatet får du eigentleg ikkje før på hausten. Nokon kan sjå det på blomane, om det blir bra med plommer eller ikkje, med det klara ikkje vi ennå, fortel 42-åringen.
Reme og kona har halde på med plommer i over åtte år. Men når det tek tre til fire år før ein får full produksjon, tek det tid å få kompetanse. Og dei føler seg langt frå utlærde.
- Eg føler meg fortsatt fersk i dette faget. Her skal ein vita kva ein held på med, men så er det ulike måtar å gjera det på. Andre stader dyrkar dei plommer litt annleis enn vi gjer, så vi lærer av kvarandre.
Kjøpte nok ein gard
Som dei fleste andre som driv med fruktdyrking, har Eyvind og Signe full jobb i tillegg til plommedyrkinga. Eyvind jobbar i Nordsjøen og Signe er pedagogisk leiar i barnehage. Og så har dei tre små ungar. Likevel kjøpte dei nyleg gard nummer to, for å auke produksjonen med 40 mål.
- I dag har vi 25 mål med plommer. Planen er å få på plass 25 nye mål med plommer og 15 mål med bringbær i år. Det har liksom berre balla på seg, fortel fruktbonden.
Støtte frå Innovasjon Norge
Han og kona ligg med andre ord ikkje på latsida. Dei synest veldig om det dei driv med. Men å utvide fruktdyrkinga, betyr store investeringar. Utgifter som ikkje vil løna seg før produksjonen er i gang for fullt om tre til fire år. Ei investering på 25 mål med plommer kostar godt over millionen, noko dei ikkje hadde klart utan stønad frå Innovasjon Norge.
- Utan pengestønad hadde vi nok ikkje hatt moglegheit til å satsa så stort. Går dette bra, er planen at ein av oss til slutt kan jobbe med dette på heiltid, utan ekstra jobb. Men det tek nok nokon år.
Det bekymrar dei likevel ikkje. Dei er heller ikkje redde for at plomme-etterspørselen i Noreg skal forsvinne:
- Plommeproduksjonen varierer mykje rundt om i landet. Ulik temperatur og nedbørsmengd gjer at det sjeldan er full produksjon samtidig. Så eg trur aldri vi skal klare å produsere for mykje plommer her til lands.