«Heimelaga» pære skal redde norsk pæredyrking

I fleire år har pæredyrking i Noreg hatt ein negativ trend, med lågaste kvantum registrert i fjor. Celina-pæra frå Njøs kan snu dette.

Celina er ein pæresort avla fram i Sogn, som held på å ta pæremarknaden med storm. Ikkje berre smakar ho godt og ser lovande ut for dyrkarane. Ho skil seg ut med sine raude kinn og glatte, tunne skal. I tillegg held ho seg godt ved riktig lagring og kjem tidleg i bering.

- Dette er spennande. Så langt har fruktbønder i EU (Belgia, Spania og Slovakia), Sveits, Sør-Afrika, USA og Chile sikra seg retten til å planta Celina-pærer - i tillegg til her i Noreg. Fleire andre land bankar på døra for å få starta opp produksjon. Tilbakemeldingane har vore gode, seier Stein Harald Hjeltnes, mannen bak den nye pæresorten.

Starta allereie i 1985

«Oppfinnaren», som styrer Graminors avdeling på Njøs, starta allereie i 1985 med å krysse fram Celina-pæra. Det starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Njøs i Noreg og SLU Balsgård i Sverige. Krysninga vart utført av Hjeltnes i Sverige, medan frøa vart sende til Noreg. Der vart dei alne opp til frøplanter og poda opp til forsøk på Njøs. Det første forsøket vart planta i 1997. To år seinare vart materiale klart for testing fleire steder i verda. Positive tilbakemeldingar frå blant anna Sør-Afrika fikk snøballen til å rulla, og ga kontrakt med frukthandlarar med nedslagsfelt i heile verda.

Dei fyrste større plantingane i Noreg skjedde i 2013, og sidan har det gått fort. Dei fyrste norske Celina-pærene vart sende i butikk i 2015, og meir planting er i gang for fullt i år.

30.000 trær i løpet av 2016

Fleire norske fruktbønder står og trippar etter å få prøve den nye pæresorten. Berre i 2015 vart det planta ut nesten 15.000 nye tre i Sogn. I år er det planlagt enno meir planting, noko som gjer Celina-pæra til ein av dei mest planta pæresortane i landet.

Målsettinga er å hauste mellom 1000 og 1200 tonn pærer innan sju år. Dei siste 10 åra har produksjonen variert mellom 600 og 200 tonn, med berre 109 tonn til konsum i fjor. Dette er det lågaste kvantum som er registrert. Det er i hovudsak endringar i marknaden som er årsaka til denne negative trenden. Dei sortane som har vore dyrka i Noreg er ikkje lengre etterspurde.

Fyrste internasjonale hit frå Noreg

Nå er pærene frå Njøs i Sogn og Fjordane på veg til å bli fyrste internasjonale hit av sortar som er framstilte i Noreg.

I lokale nettaviser i Sør-Afrika heiter det at «Celina is changing the South African pear industry».

Saman med Belgia hadde dei ved utgangen av 2015 planta nær 300.000 tre, og Spania kjem fort etter med store plantingar. I Belgia er avlingane venta å passere to millionar kilo berre i år.

- I EU elles skal Celina seljast under varemerket QTee®. Så om få år, kan du finne både norske og importerte Celina-pærer i butikkane, seier Hjeltnes nøgd.

 

Fruktfatet er ei næringsklyngje som skal revitalisere frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane.
Les meir her.